torsdag 27. januar 2011

Mukdahan

Som me kanskje burde ha gitt beskjed om tidligare, reiste me aldri med nattog til Vientiane i Laos. Etter ein rask vurdering fann me heller ut at vegen om Mukdahan var ein betre veg å fara. Der trur eg me tok heilt rett! Me satt oss i nattbussen tirsdag 18. januar og kom fram morgonen etter. I Mukdahan blei me møtt av familien Tveten som med stor gjestmildhet tok oss inn i familiekvardagen deira. Der skulle me vera i nokre dagar og ha litt engelsk- og musikkundervisning i ein menighet. Etter nokre dagar overtok voluntørane Astrid og Magnus ansvaret for oppvarting av to forvirra nordmenn på tur, og gjorde dette med glans!


Nattbussen frå Bangkok til Mukdahan var av høg standard. Me koste oss i framsetene med panoramautsikt og vaffelkaker.


Far i huset med minstemann


Me måtte sjølvsagt avleggje legendariske Good*Mook eit besøk. Her representert ved ein utsøkt oreo frappe =)

Her er familien samla, Thai-style, saman med oss, Magnus og Astrid.

I korte trekk gjekk dagane, forutan å ha engelsk- og musikkundervisning på kveldane, med til å plage misjonærane, køyre moped rundt på sightseeing i byen, eta god mat og ikkje minst, henge med Astrid og Magnus. Den siste kvelden invitera Sim, ei utruleg koseleg dame frå menigheten, oss heim på middag. Der fekk me oppleve ekte thailandsk mat og gavmildhet.

Soil, gutungen til Sim, og eg spela gitar saman. Han er vilt flink.

Koselig familie, god mat og bra stemning.


Apane lika godt å bli mata med bananar.

På laurdag var det sportsdag i den norske bornehagen

Eit blikk inn i framtida?
Sabaidiii!

mandag 17. januar 2011

Hua Hin, infield og Bangkok

(To innlegg i ein smekk)
09.01.11:
Denne gongen tok turen mellom Trat og Bangkok dei 5 timane me hadde høyrt at den skulle ta. På vegen fekk me eit særs velkome tilbod om å tilbringe dei to neste døgna hjå familien Mydland i Bangkok. Her fekk me ein hjarteleg velkomst og blei inkludera i alle deira planar for helga. Utruleg koseleg! På laurdagen reiste me til ein av verdas største marknadar, Chatuchak weekend market, midt i Bangkok. Her er det 15000 forskjellige bodar som sel alt du kan tenkje deg mellom himmel og jord. Kjempemoro, og veldig slitsamt =) Sundagen gjekk med til gudsteneste, pannekakelaging og ymse brettspel. Betre vertskap skal du leite lenge etter!

Foreldra til Astrid va på besøk og diska opp med heimelaga pannekaker og blomkålsuppe!

Stort utval på Chatuchak...

Sundags kveld braut me spontanitetsprinsippet og booka oss inn for 2 nettar paa Lub’d hostel i Bankok, kaara til verdast 17. kulaste ”hang out spot”. Dette kom me til å angre på dagen etterpå. Me ringte nemleg til vår gode Hald-ven Prem for å høyre om ho befant seg i Bangkok. Ho hadde nettop blitt spurt om å steppe inn som ledar på Hald sin Asia infield i Hua Hin, 3 timar sør for Bangkok og lura på om ikkje me ville vera med? Me betala for neste natt, sjekka ut rett etterpå og heiv oss inn i ei drosje saman med Prem. For dei som ikkje er kjent med konseptet infield er det ei veke der Haldstudentar som er plasert rundt i ein verdsdel samla for å ha evaluering, vegleiing, sosialt og moro.




Eit gledeleg gjensyn med Prem, her på ein skytrainstasjon, enkelt forklara det motsette av undergrunnsbane

No har me vore her i Hua Hin i 2 netter og kosar oss med det. Eigentleg skulle me vore godt på veg til Chiang Mai i nord Thailand no ifylgje reiseruta, men me tek livet som det kjem og er nøgde med det =) Det er veldig triveleg å treffe att eit par kjente og mange nye fjes her. Desverre har me blitt ekkelt burtskjemte etter Koh Kood, og strendene her i Hua Hin er fulle av gamle feite falangar (thai for kviting) og snertne thaidamer, strendene er ikkje like kvite og havet ikkje like blått, så faren for at me snart tek turen herifrå er stor, men det er veldig koseleg så lenge det varer.


18.01.11:

No er me tilbake i Bangkok og har vore her i 3 dagar. Tida har me stort sett har bruka til å leite etter brudekjole saman med Prem. Stakkars Kristian... Tida i Hua Hin gjekk fortare enn svint og me kosa oss veldig. Under kjem litt bilete frå dagane våre der.

Swensens kan sin is!

Aktivitetsdagen på infield fann stad på ei strand langt vekke frå byen og masseturismen. Her fekk fotball, volleyball, piknikk, soling og bading tida til å gå.


Livet er til for å nytast ;)

Strandfotball i naturskjøne omgjevnadar



Skeptisk...


Ein utruleg koseleg og sosial måte og eta på. Ein kokar og steikjer all maten sin sjølv på små kolgrillar som er nedfelt i borda

Bangkok:

Roti, ei slags frityrsteikt pannekake med banan har blitt ein favoritt.

Nam!


Prem var lokalguide





I kveld går turen vidare til Vientiane, hovudstaden i Laos, med nattog.

Fred ut

Marit

tirsdag 11. januar 2011

Koh Kood

Når me er ein plass der gradestokken viser 30 grader, strendene kjempar om topplassering på sensodyne tannkrem sin kvithetskala og maten er billig og god, er det ikkje mykje som skal til for å ha det godt. Når i tillegg timeplanen består av soling, mopedkjøring, bading og eting er det ikkje mykje som skil livet nå og rullepølseeting på joleftan. Øya Ko Kood anbefalast på det varmaste.

Ingen butikkar i nærleiken, ein liten hompete veg til andre deler av sivilisasjonen, scooter eller båt som einaste framkomstmiddel - det var nesten som å vera tilbake på Møsstrond

Her har me bungalowen vår. Eit fint innreda rom, air-condition og utandørs dusj(noko som resulterte i at Marit fekk to gekkoar deisande ned i hovudet medan ho dusja...).

Den andre dagen på øya leigde me oss scooter og farta litt rundt. Me fant vegen til det kjente fossefallet på øya kor me bada og slengte oss uti vatnet med hjelp av ei liane.

Her er me på resorten vår, mykje av dagane gjekk ut på akkurat dette; soling, fruitshake og lesing.

På nyttårseftan fekk me lov til å drikka og eta så mykje me ville. Problemet var at drikkinga besto av alkohol og maten av sjømat. Me koste oss med uante mengder sprudlevatn.


I sju dager befant me oss på denne draumeøya, som hadde det meste ein turist kan ynskje seg. Øya er den fjerde største i Thailand, men er fremdeles nokså ukjent. Me var der i "peakseason", men hadde likevel fleire hundre meter med kvit strand for oss sjølve. Øya ligger såpass langt ut frå det thailandske fastlandet, noko som nok har ført til at masseturismen ennå ikkje har satt sin fot der. Me leigde oss scooter to dagar kor me farta opp og ned øya, me snorkla utanfor resorten og padla kajakk langs strendene. Den sjuande januar satt me oss fornøgde inn i båten som frakta oss tilbake til fastlandet, tilbake til sivilasjonen, tilbake til motorvegar, tilbake til backpacking. Ein god restitusjon etter harde haustdager i Bergen, og ein god start på resten av eventyret.


=)

Me vart skikkelig solbrente, så me brukte ein dag på å liggje i skuggen.

Det var ikkje så behageleg som det ser ut til å sitje på den der.

Me hadde ikkje så mykje betre å ta oss til enn å sitje i ei eggliknande huske langs stranda.

Banana pancake var ein hit på seine kveldar

Me prøvde oss på nokre kunstneriske bilete. Stranda i bakgrunnen var rundt ein kilometer lang og me hadde den så og seie for oss sjølve!


Her har eg det vilt nice!

Varme helsingar frå Kristian, som for tida befinn seg i Hua Hin.