fredag 18. mars 2011

Siem Reap

Siem Reap er ikkje kjent for så mykje meir enn å vera vert for turistar som skal til Angkor Wat, nominert til å vera eit av dei 7 nye verdensundera. Byen gjer i og for seg jobben sin veldig godt. Me losjera oss inn på eit av dei finaste hotella me har budd på til ein veldig rimelig sum, me fann mat som var god og billig, me gjekk rundt på marknaden som hadde det meste ein turist kan ynskje seg (Altså t-skjorter som markerar akkurat kor du har vore, spisepinner, kjolar og lokale krydrer), og dei hadde tuktukar som gledelig tok turen til Angkor Wat. Me tok bussturen frå Phnom Penh til Siem Reap saman med Jessica og Chris, som me no hadde kome i god kontakt med. Etter å ha reist heile vietnamkysten på langs med buss var dei 5 timane bussen tok som ein lett sundagstur. Hotellet vårt hadde badebasseng, inkludera morgomat og fine rom med air-con til den nette sum av 15 dollar. Ein sum me var vande med å betala for eit shabby gjestehus i Vietnam.



Fekk eit skikkelig bra tilbod frå eit reisebyrå i Phnom Penh, så blei henta på bussterminalen


kveldsmarknad


Plutseleg hadde me eit skikkelig bra utvalg til morgomaten. Syltetøy, ost, nutella, peanøttsmør, brød og knekkebrød.


Me var framme i Siem Reap på formiddagen, og allereie 3 timar etter ankomst var me i billettluken for å kjope dagspass til Angkor Wat. Me reiste direkte vidare til Angkor Wat for å få med solnedgangen, som var inkludera i dagspassbilletten for dagen etter. Solnedgangen tok diverre ikkje kaka. Me gjekk opp ein lang sti, klatra opp til toppen av ein ruin og såg på skyene heilt til det vart morkt. Saa gjekk turen tilbake til byen kor me fekk i oss litt mat.


Det beste bilete frå solnedgangen


04.55. Alarmen går! Ja. Med håp om eit betre resultat våkna me opp for å få med oss soloppgangen også. Diverre utan hell igjen. Me var derimot glade for å kunna sei at me har ete morgomat på Angkor Wat. Glade var me også ettersom at det var lurt å koma tidleg mht. temperaturen som i ein litt for stor fart sneik seg oppover termometeret. Angkor Wat betyr ¨tempelbyen¨. Og er ein god forklarelse for kva me var inne i dei neste 6 timane. Området var stort, så me trengde ein tuktuk til å kjøra oss mellom dei forskjellige templa. Mange brukar ei veke på å dette, me hadde bare ein dag. Me var innom 3 tempelområder. Fyrst hovedtempelet, deretter eit stort tempelområde og til slutt ennå eit stort tempelområde (Tomb Raider vart blant anna spela inn der).


Temples of Angkor Wat:




Soloppgangen



grr.....














litt bratte trapper

daa me blei leie av aa sjaa paa tempelruinar ganske lenge foer me folte at me burde fekk photoshoots tida til aa gaa ;)






-Kristian

1 kommentar: