onsdag 2. mars 2011

Hoi An

Me har dei siste 10 dagane vore i Burma kor det ikkje er mogleg å vera på så mange internettsidar. Me har derfor ikkje hatt anledning til å posta blogginnlegg. Me vil gjera opp for dette ved å frå no fortløpande leggje ut mange blogginnlegg.
.
Gjenom hostelet i Hanoi kjøpte me ein hop on hop off sleeperbus bilett til Ho Chi Mihn med 5 stopp. Det vil seie at mellom Hanoi i nord og Ho Chi Minh i sør (tidelegare Saigon) kunne me hoppe av og paa bussen 5 gonger for kor mange dagar me ville. Greit i teorien, ikkje like greit i praksis... Vårt fyrste møte med sovebuss var spanande i fleire betydingar. Kult med senger, spanande å ligge i øverste midt-koye, då det kjendes ut som om eg skulle dette ned i kvar sving, eksotisk med kakerlakkar på golvet då eg fekk bytt til ei seng i golvhøgde... Men alt i alt var opplevinga positiv. Med atskillig fleire timar svevn bak oss enn me ville fått i ein vanleg buss blei me vekte opp til det påtvingde 5 timar lange stoppet i byen Hue. Dette stoppet utnytta me etter beste evne med å leige ein moped og farte rundt i gamlebyen. Ganske så facinerande.


Utforsking av gamlebyen i Hue

Merkeligaste nudlene eg har sett


Den neste etappen var 5 timar lang og me vart litt smånervøse då me ikkje såg nokon andre falangar (kvitingar) på bussen, og lura paa om me hadde havna på feil buss, då den me hadde tatt tidlegare var heilt full av dei. Pa den fyrste tissepausa fann me plutseleg Sarah frå Sveits som hadde lura seg unda blikka våre lenger framme i bussen. Sjølv om ingen av dei lokale kunne engelsk fann me ut etter litt resonering at me hadde havna på ein annan buss enn dei andre sidan den var full. Ved godt mot fortsette me vår ferd mot Hoi An. Vel framme traska me saman ut på leiting etter losji og fann etter orten forsøk eit hostel med ledig plass.


Sovebussar er behagelige bussar

Det var her det skjedde. Fjerning av sting og stikking av sprøyter.

Her er ein del av My Son. Ruinar frå ei tid då Champariket var stort. Nesten alt blei øydelagd under vietnamkrigen

Båtturen heimatt var eigentlig den beste opplevelsen på denne utflukten

Vårt fyrste møte med busselskapa som me skulle kontakte underveg for å bekrefte biletten for dei ulike etappane enda med avreise ein dag seinare enn planlagt. Litt surt der og då med tanke på den stramme timeplanen nedover kysten, men sidan Hoi An sjarmerte oss i senk var me berre glade til i ettertid. Dei 3 dagane våre der tilbragte me saman med Sarah, som viste seg å vera ei usedanleg triveleg jente som fartar rundt på ubestemt tid i sør aust asia på eiga hand. Tøft. Tida gjekk med til sykling rundt i gatene i den veldig koselege gamlebyen, sykkeltur til stranda, få laga eit par skreddarsydde plagg og sko (!) (Hoi An er skreddar-hovudstaden i Vietnam), eta god mat og ei utflukt til My Son ruinane ein times køyretur utanfor byen i tillegg til 3 sjukehusbesøk. Desse inkludera fjerning av sting, 5 antibiotikasprøyter og ein antibiotika pillekur. Det viste seg nemleg at lonely planet boka vår hadde rett då ho sa at ein ikkje burde reise på sjukehus i Laos. Legen i Hoi An fortalde at stinga var for stramme og antibiotikakuren for svak slik at eg hadde fått ein liten infeksjon. Makan til styr for eit kutt. I Noreg ville eg sett på eit plaster og sagt meg fornøgd! Satsar paa at det gaar fint framover =)
.
Her er eit bilete frå båtturen heimatt frå My Son-utflukta

Her er byen Hoi An sett frå båten vår

Marit fekk fjerna legghåra med hjelp av ein tråd og noko pulver

Me møtte på mange slike arbeidarar mens me sykla til og frå stronda



Her står Marit, Kristian og Sarah utanfor skreddaren med dagens fangst

2 kommentarer: