tirsdag 29. mars 2011

Burma/Myanmar del II

Fyrst til dei som er forvirra ang. overskrifta. Det er me òg. i 1989 forandra militærregimet namnet på landet frå Burma til Myanmar. Landets sin demokratisk valgte opposisjon, leda av Aung San Suu Kyi har bedd verda om å fortsetje å nytte namnet Burma. Både derfor, og av vane, har blant anna norsk media halde fram med å kalle landet Burma. Den andre sida av saken er at ordet Burma refererar til majoritetsbefolkinga i landet, folkeslaget Bamar som utgjer i overkant av 60% av befolkinga. Det verkar meir rett ovanfor dei over 100 andre etniske grupene i landet å ha eit meir nøytralt namn. Dette var òg det standpunktet me fekk høyre av venene våre der. I tilegg er Burma eigentleg ei feil utaling av Bamar som dei tidlegare britiske koloniherrane stod for. Konklusjon: me veit ikkje heilt kva me skal kalle landet. Men nok om det.

Me hadde eigentleg ingen planar om å ta turen til Myanmar, då me trudde dette var off-limits. Men då Kristian spurte sin gode misjonærven Atle Roger som bur i Bangkok om det var noko me kunne hjelpe til med, ville han gjerne at me skulle ta turen til Myanmar. Der har han på eige initiativ kome i kontakt med ein kristen undergrunnsmenighet, og dei ville gjerne ta im
ot oss som engelsklærerar. Litt spente trappa me opp paa den myanmarske ambassaden dagen etter me levera inn søknaden og fekk heldigvis invilga turistvisum.


Takknemlege for mogleiken til ei unik oppleving og med fivrell (sommarfuglar) i magen letta me frå Bangkok og landa trygt i Yangon/Rangoon (sama stadsnamn- problematikk). På flyplassen vart me møtt av Pastor Mang, pastoren i menigheten. Allereie på drosjeturen til hotellet vart me slått av kor annleis alt er i Myanmar enn i noko ana land i sør aust Asia. Alt ein ser av bygningar, bilar, reklamer og produkt lyser at dette landet har vore praktisk talt isolera frå omverda sidan 60-talet (med unntak av regjeringa sin gode ven Kina). Me kom rett frå Bangkok sitt sky-train, 5-felts motorvegar og fine drosjer nedkjølte av air-condition til Yangon sine bokstaveleg-klar-til-å-dette-frå-kvarandre-drosjer, nedslitte hus, livlege gater og fatigdom. Det føltes heilt spesielt å vera i Myanmar frå dag 1. Alt ein har høyrt om dette litt små-forbudte landet, alle historiane om spionar frå regjeringa på kvart gatehjørne, den ikkje-eksisterande religionsfridomen og den lite vesteleginfluera kulturen gjorde til at me sat me ei spesiell kjensle i magen heile tida me var der. Det var som ei spesiell atmosfære låg over dette annleis-landet.

Landet der menn går i skjørt... Det heiter eigentleg longsi og både damer og menn går med det. Me fekk kvar sin som takk for hjelpa av førskulen me var dei to fyrste dagane.

Dagen etter byrja det me trudde skulle bli eit relativt hardt undervisningsopplegg. Før me kom til Myanmar hadde me nemleg fått tilsendt ein timeplan som inneheldt 0 fridagar og 3 timar engelsk og 3 timar musikkundervisning kvar dag. I fare for å bli totalt utslitte å ikkje få sett meir av Myanmar enn dei 4 veggane i eit klasserom, spurte me på førehand om å få ein fridag midt inne i opplegget. Kor feil går det ann å ta? Det viste seg at Mang og hans medarbeiderar med stor iver tok det som si personlege oppgåve å vise oss mest mogleg av området, og når det kom til intensiteten, lat meg berre sei at myanmareserar er minst like glade i kaffipauser og prating som nordmenn og at timeplanen blei fylgt slik ca like mykje til punkt og prikke som i Afrika =) Dessutan har eg aldri sett makan til kunnskapstyrste og ivrige studentar, så undervisninga gjekk som ein leik. I alle fall til tider. Litt verre var det når me på dag 1 blei sett til å undervise 3-5 åringar som berre kunne "good morning teacher". Sjamerande var dei i alle fall. Eg veit ikkje kor mykje akademisk utbytte dei fekk av å lære have you seen my funky chicken, men me kosa oss i alle fall saman :)


Matpause



Dag 2 skjedde det noko interresant. Det viste seg at historiane om spionar frå regjeringa på kvart gatehjørne var sanne. To kvitingar som går ut og inn av ein førskule for fatige born viste seg å vekkje oppsikt. Heldigvis er Myanmar ifylgje Pastor Mang sakte, men sikkert under endring, og denne gongen slapp me unda med ein liten reprimade for at me ikkje hadde med passa våre. Det var vist veldig stas for dei berre å få snakke med oss, sjølv om dei faktisk blei så sjenera når me viste våre bleike åsyn at dei ikkje fekk ut eitt ord... Sum Pi (han som dreiv skulen) fortalde oss at dette besøket faktisk var eit lite vendepunkt då mennene var venlege og sette seg ned og snakka med han om kva skulen hans eigentleg gjorde, kvifor me var der osb, ikkje berre prøva å laga bråk. Litt flaue over problema me var årsak i og ei erfaring rikare fortsette me undervisninga.



Fortsetjing fylgjer...

torsdag 24. mars 2011

Burma/Myanmar


Kvar skal ein byrje...
  • Burma vert rekna som eit av verdas fatigaste land
  • Burma er rikt på naturressursar som petroleum, naturgass, metall og mineral.
  • Landet er også blant verdas to største produsentar av opium, og narkotikahandelen er aukende.
  • Vegnettet i Burma er til dels særs dårleg, så den beste måten å reise rundt i landet på er med fly.
  • Alle internasjonale bankar er nå ute av landet, det finnes ingen minibankar og all valutta må bringas inn i landet som kontantar for så og bli veksla inn i myanmarske kyatt (har dollarsedelen din saa mykje som ein liten brettekant vil ingen ta imot han som betaling!)
  • 87 % er buddhistar, resten er kristne, muslimar og hinduar.
  • Regimet er anklaga for ikke å respektere menneskerettighetane.
  • Motstand og politisk opposisjon mot regimet blir ikkje tolerert.
  • Landet fekk sin uavhengighet fraa britane i 1948, oekonomisk så situasjonen ljos ut, med eit BNP som var eit av de sterkeste i Asia
  • Eitt militærkupp i 1962 gjorde slutt på det demokratiske Burma og militærstyret har sete ved makta sidan.
  • I 1990 vart eit demokratiske valg gjennomført. Aung San Suu Kyi og hennes parti NLD vant valget suverent, men militærregimet nektet å gi fra seg makten, og styrer fortsatt landet med jernhånd. Både Aung San Suu Kyi og nestleiaren i NLD, Tin Oo, har sida den gong tilbragt mesteparten av tida si i husarrest.
  • Aung San Suu Kyi sat samanhengande i husarrest frå mai 2003 og fram til 13 november 2010 -då ho vart lausleten. Sidan slutten av 1980-talet har ho sete i husarrest eller fengsel i tilsaman 13 år.
  • Vesten foerer ei boikottlinje ovanfor Burma, blant anna naar det kjem til handel

I dette grusom-fantastiske landet var me saa heldige aa faa vera i 10 dagar og sjaa og oppleve landet og kulturen fraa insida, gjenom Pastor Mang og menigheten hans.

To be continued...

fredag 18. mars 2011

Siem Reap

Siem Reap er ikkje kjent for så mykje meir enn å vera vert for turistar som skal til Angkor Wat, nominert til å vera eit av dei 7 nye verdensundera. Byen gjer i og for seg jobben sin veldig godt. Me losjera oss inn på eit av dei finaste hotella me har budd på til ein veldig rimelig sum, me fann mat som var god og billig, me gjekk rundt på marknaden som hadde det meste ein turist kan ynskje seg (Altså t-skjorter som markerar akkurat kor du har vore, spisepinner, kjolar og lokale krydrer), og dei hadde tuktukar som gledelig tok turen til Angkor Wat. Me tok bussturen frå Phnom Penh til Siem Reap saman med Jessica og Chris, som me no hadde kome i god kontakt med. Etter å ha reist heile vietnamkysten på langs med buss var dei 5 timane bussen tok som ein lett sundagstur. Hotellet vårt hadde badebasseng, inkludera morgomat og fine rom med air-con til den nette sum av 15 dollar. Ein sum me var vande med å betala for eit shabby gjestehus i Vietnam.



Fekk eit skikkelig bra tilbod frå eit reisebyrå i Phnom Penh, så blei henta på bussterminalen


kveldsmarknad


Plutseleg hadde me eit skikkelig bra utvalg til morgomaten. Syltetøy, ost, nutella, peanøttsmør, brød og knekkebrød.


Me var framme i Siem Reap på formiddagen, og allereie 3 timar etter ankomst var me i billettluken for å kjope dagspass til Angkor Wat. Me reiste direkte vidare til Angkor Wat for å få med solnedgangen, som var inkludera i dagspassbilletten for dagen etter. Solnedgangen tok diverre ikkje kaka. Me gjekk opp ein lang sti, klatra opp til toppen av ein ruin og såg på skyene heilt til det vart morkt. Saa gjekk turen tilbake til byen kor me fekk i oss litt mat.


Det beste bilete frå solnedgangen


04.55. Alarmen går! Ja. Med håp om eit betre resultat våkna me opp for å få med oss soloppgangen også. Diverre utan hell igjen. Me var derimot glade for å kunna sei at me har ete morgomat på Angkor Wat. Glade var me også ettersom at det var lurt å koma tidleg mht. temperaturen som i ein litt for stor fart sneik seg oppover termometeret. Angkor Wat betyr ¨tempelbyen¨. Og er ein god forklarelse for kva me var inne i dei neste 6 timane. Området var stort, så me trengde ein tuktuk til å kjøra oss mellom dei forskjellige templa. Mange brukar ei veke på å dette, me hadde bare ein dag. Me var innom 3 tempelområder. Fyrst hovedtempelet, deretter eit stort tempelområde og til slutt ennå eit stort tempelområde (Tomb Raider vart blant anna spela inn der).


Temples of Angkor Wat:




Soloppgangen



grr.....














litt bratte trapper

daa me blei leie av aa sjaa paa tempelruinar ganske lenge foer me folte at me burde fekk photoshoots tida til aa gaa ;)






-Kristian