mandag 14. februar 2011

Hanoi

Aa fly viste seg aa vera eit mykje lettare framkomstmiddel enn buss. Etter ein time hadde me tilbakelagt strekninga mellom Luang Prabang og Hanoi. Paa flyplassen traff me paa nokon australarar som hadde booka rom paa Hanoi Backpackers Hostel, me delte ein taxi bort og la oss inn paa ein sovesal der.

Fuglar i fuglebur vart solgde overalt. Grunnen er at hvis man har ein bringe lykke over heimen, i hvert fall her i Vietnam

Feiringa stod allereie i taket naar me kom ned att fraa sovesalen. Me visste at me kanskje kunne treffa paa den kinesiske nyttaarsfeiringa medan me var i Vietnam, men blei overraska naar me fann ut at i kveld var kvelden. Me bestilte oss litt mat og blei med paa feiringa. Etter quizen var undagjort og klokka naerma seg tolv var alle saman paa veg ned til sentrum kor den virkelige feiringa skulle finna stad. Sidan me for tida har litt problem med aa koma oss fram paa eigne bein fekk me leigd oss ein sykkeltaxi inn til kjernen av byen. Det var ein dyr taxi, men det visste baade me og taxisyklaren. Samtalen utarta seg nemleg slik: "Kristian: How much? Taxisyklaren: 100 000. Kristian: Isn't that very expensive? Taxisyklaren: Yes it is, happy new year!" Med eit glimt i auga proevda han aa faa med seg endaa ein 10 000 i det me sa farvel, men me ynskja han bare godt nyttaar og haapa han brukte pengane paa noko bra. No hadde me kome oss ned til vatnet som utgjer kjernen av byen, og satt oss paa kanten av det og dingla med foetane. Mens me venta paa at fyrverkeriet skulle starte fekk me nye vietnamsiske vener, eit godt bilde av aa vera i Vietnam og Marit klara aa miste kamerataska i vatnet. Forutan om at eit stort tre stod i vegen for aa sjaa heile fyrverkeriet var det eit koseleg augeblikk aa vera med paa i det mange tusener av vietnamsarar feira nyttaar saman. Etter alle rakettane var ferdig oppskotne (kontinuerleg fyrverkeri i 15 min!) startaoppdraget med aa faa opp att kamerataska. Me gjekk rundt og fekk samla inn traadar som laag paa bakken. Me fekk ein del rare blikk, kanskje spesielt marit som ompa rondt paa ein toeffel og ein sandal og plukka opp soeppel (traadbitar og likande) fraa bakken... Desverre var det ikkje saa mykje av det tilgjengeleg, saa eg knytta opp skolissene mine og brukte dei og. Me laga oss vaar eiga fiskestong og fekk etter kvart opp kamerataska, med god hjelp fraa nokre vietnamesiske ungar og ungdommar. I det me fekk opp kamerataska hadde det allereie kome fult av folk som hadde samla seg rundt i ring og jubla over fangsten. Det var eit merkelig og bra augeblikk. Paa veg tilbake stoppa me innom ein lokal restaurant paa gata og feira inngangen av det nye aaret (som foresten er kattens aar) med ein steik-din-eiga-mat-middag.

Marit og eg saman med taxisyklaren vaar paa veg til sentrum

Her er endelig fangsten kommet paa land etter 20 lange min. med binding, sikting, kasting og draing.

Vegen tilbake til hostellet var full av menneskje som brann ''liksompenger'' som starten paa eit nytt godt aar

Me avslutta nyttaarsfeiringa paa steik-maten-din-sjoelvrestauranten

Bivirkninga av at det er kinesisk nyttaarsfeiring her kom dagen derpaa, daa alt av butikkar, museum, egentlig alt utanom sjukehus var stengt. Ettersom at foten til Marit fremdeles er vond har me ikkje kunne finne paa saa mykje heller. Derfor har me etter tre dager ikkje saa mykje meir aa rapportere om en at Hanoi Backpackers Hostel har eit bra tilbud av filmar, biljardbord, dart, middagsrettar og sosialt liv. Og at eg vann over Marit i biljard.(red. ein knapp seier, og det var den andre gongen eg spila biljard i mitt liv i motsetnad til deg...) Og at eg vann over Marit i 10 000.

Sightseeing i byen paa forskjellige maater:


Gatene i Old Quarter

Naar me ikkje fann ein sykkeltaxi til aa transportera oss rundt...

torsdag 10. februar 2011

Vang Vieng og Luang Prabang

Vang Vieng er ein liten by 4 timar paa svingete veg nord for Vientiane. Vang Vieng er viden kjent for aa vera ein backpackers draum, der hovudattraksjonen er tubing. Tubing gaar ut paa at ein leiger ein innerslange til eit traktordekk, blir koyrd nokre km opp langs Nam Song elva for saa aa roleg flyte tilbakars til byen. Undervegs er det plenty med barar, resturantar og slenghusker. Etter utallige beretningar fraa venner og kjente hadde eg gleda meg til dette sidan foer eg nokon gong visste at eg skulle til Laos. Fallhogda var stor...

Utsikten fraa gjestehuset...

Bussturen opp svingete fjellsider viste oss verkeleg kor vill trafikken her er. Forbikoyring, men nei der er ein bakketopp eller ein smal sving med valet mellom fjellveggen paa eine sida og stup paa andre, inga hindring for laotiske sjaaforar! Av og til dobbeltsikrar ein seg med aa tute litt foer svingen for aa seie ifraa at ein kjem. Bor pen nyang, ikkje noko problem! Med hjarta i halsen og smaagrone i fjeset ankom me Vang Vieng paa foremiddagen ein gong. Dei to fyrste dagane var eg sjuk (ei skikkeleg forkjoling av alle ting!) og me fekk tida til aa gange med aa sole oss og liggje paa forskjellige resturantar og eta steikt ris og sjaa paa Friends. Genialt konsept. Nesten alle resturantane her har fleire fjernsyn og borda er laga slik at ein ligg rundt dei og et. Fantastisk! Kanksje mitt beste minne fraa Vang Vieng. Men tida gjekk og det var snart paa tide og koma seg vidare. Den 3. dagen maatte me tube viss det skulle bli noko av. Feberen og hovudpina var nesten vekk og me var klare til dyst. Berre synd det var overskya kaldt og smaayr ute... Vervarsle viste at det skulle bli vaerre neste dag, saa pytt sann, me er ikkje nordmenn for ingenting, me toler vel litt kulde tenkte me paagangsrikt. Tubar vart leigd og me blei koyrde opp elva. Vatnet var litt kaldt, men det var veldig behageleg aa flyte nedover elva. Resten av dei me kom med vart huka inn paa fyrste og beste bar og me flaut vidare nedover aleine. Me proeva og aa stikke innom eit par plassar for aa faa oss noko aa drikke og kanskje ein liten matbit. "Do you have something without alcohol?" Bo pen njang! Laobeer? No, without alcohol, no alcohol? Rum? etter aa ha blitt vist ymse menyar med strong mushrooms, happyhappy shake, hashbrownies og opiumsshake takka me for oss og for vidare litt slukoyra. Det same gjaldt visst dei fleste stadane og me tok til takke med eit slag president og ein 7-up. Me hadde vore i elva ganske lenge og byrja aa bli kalde og slitne av aa padle. Det er lenge sidan det har regna meir enn litt yr og straumen i elva var veldig svak, saa for aa koma seg framover i meir enn ein kilometer i timen maate ein ta armane til hjelp. Vel og bra det saa lenge det er sol og ein kan liggje og nyte det, men no ville me helst berre komma fram og varme oss. Det viste seg at alle barane og alle plassane ein kunne bli plukka opp av elva og koyrd ned att til byen var plassera paa den fyrste kilometeren av elva, saa me var fint noedt til aa padle oss ned dei to siste paa eiga hand. Etter aa ha hakka tennar, padla som heltar i noko som verka som ein evighet, og ikkje minst passera ein heil flokk av smaairritera kyr og oksar med enorme horn som soemde rundt i elva naerma me oss byen. Taktisk nok ligg det og masse barar der ein kjem i land til slutt. I det eg skulle gaa ut av ringen for aa gaa dei siste metrane trakka eg paa noko eg trur var ei knusa glasflaske. 6 sting og ein antibiotikakur seinare la me oss endeleg i dei varme sengene...


Dagen etterpaa var den nordlege og nest stoerste byen i Laos, Luang Prabang den neste paa programmet. Store delar av sentrum er paa UNESCO si verdsarvliste og det er ein vakker og historierik by, og kanskje best av alt, eit mekka for opplevingar som fjellturar, kayaking, elefantriding og liknande. Me droppa den eine byen paa reiseruta vaar Chang Mai i nord Thailand delvis pga at me kunne faa mykje av det sama aktivitetstilbodet i Luang Prabang. Lite lurt.

Ei ny versjon av Tao Tui er back in Laos ;) (Red; takk Marit)

Det viste seg aa vera veldig vanskeleg aa koma seg rundt med ein vond fot utan krykker, men etter ei tid har me utvikla gode teknikar innan hinking, gange paa haelen, meg paa bagasjebrettet paa ein sykkel som Kristian syklar og ikkje minst, det dei lokale likar alle best, at Kristian ber meg rundt omkring paa ryggjen. Hehe... Villmarksturar var altsaa relativt uaktuelt. Me hadde lenge planlagt at etter nokon dagar ville me fly fraa Luang Prabang til Hanoi, hovudstaden i Vietnam, daa bussturen er 30t lang og kjent for aa vera ei av dei verste strekningane i omraadet. Ikkje lenge foer hadde det voere plenty med ledige flybilettar. Det me ikkje visste var at den stoerste hogtida dei har i Vietnam, tet (kinesisk nyttaar), var tett paa og daa reiser alle vietnameserar heim paa ferie. Som de kanskje skjoennar, alle bilettar paa 2 veker var utselde.... Kristian saumfarte ymse reiseselskap i byen og fann til slutt to bilettar til dagen etterpaa. Saa mykje for vandring rundt i dei beromte gatene i Luang Prabang. Bilettane blei booka og neste dag hadde me ein lyn-sightseeing der Kristian sykla meg rundt i byen. Paa toppen av det heile viste det seg at eg hadde gloymt den eine norske sandalen min i Vang Vieng, saa eit par for store, veldig behagelege laotiske toflar vart kaupt inn til bruk paa den tjukke skada foten min, til stor begeistring for dei lokale.Kl 3 innfann me oss paa ein av dei minste flyplassane me har sett. Etter ein del surmuling fann eg ut at det daarlege hellet i Laos var ei god unnskulding for aa koma tilbake ein annan gong =)

-Marit

onsdag 2. februar 2011

Tao tui gabma yu Vientiane

Bussturen fraa Savannakhet tok 10 timar og hjalp oss med aa koma inn i det laotiske tankemoensteret; bor pen nyang (no problem!). Turen var prega av usedvanleg mange, lange stopp, daarlig beinplass og fin musikk. Me var glade daa me plutselig var framme i Vientiane.
.

Som den storbyen Vientiane ikkje er, saa hadde den mangt aa tilby: Koselege smaa gater med gjestehus, restaurantar og barar tett inntil kvarandre, regelmessig avbrote av tempel i kvar ende. Smilande laotarar som laga baguettar langs gata, og wasa kneckbroed. Eg visste godt kva som venta, og hadde gleda meg i lang tid til aa visa byen fram til Marit.

Bilete fraa sightseeinga:



Forutenom aa oppleve kulturforandringen fraa Thailand hadde me fleire ting paa timeplanen desse 4 dagane i Vientiane. Den fyrste dagen gjekk med paa aa eta frokost paa Scandinavian bakery, ein liten sightseeing i sentrum av byen (som tek ca. ein halvtime aa gaa rundt), eta, gaa i kyrkja og eta. I det me sovna den fyrste kvelden, med ein metthetsfoelelse som har juleftantilstandar, fann eg ut at mat var eit tema som stod alt for ofte paa den planlagte timeplanen. Me hadde bare vore gjennom ein broekdel av dei restaurantane eg ville visa Marit, og me hadde for liten tid igjen. Heldigvis fann eg ein loysning paa problemet. Eg visste om eit bra treningsanlegg i naerleiken av byen, og foerte opp paa timeplanen ein visitt der andre og fjerde dagen. Dermed kunne me faa plass til aa eta meir. Dette viste seg aa vera ein god plan, saa i det me paa den femte dagen satt oss paa bussen til Vang Vieng var alle dei planlagte rettane paa samtlige av dei timeplanfoerte restaurantane fortaert.
.
Me vart inviterte til eit laotisk bryllaup, der Hald studentane Anders og Magnus gjorde stor suksess med improvisera laotisk song fraa scenen
.
Risk var ein slager utover kveldane heime hjaa Anders og Magnus
.
Tre paa mopeden er vanlig prosedyre i Laos
.
Her et me middag heime hjaa Sith og familien
.
Andre frokost paa Scandinavian bakery
.
Favorittpizzaen min var akkurat like god som i gode gamle dagar
.
Kyllingsandwich paa Scandinavian bakery. Vilt nice
.
Ein veldig viktig del av opphaldet i Vientiane var aa visa Marit kva eg gjorde der, og aa treffa venene mine. Me leigde oss moped i to dagar, slik at dette kunne gaa i oppfyllelse. Den eine dagen kjoerte me til skulen kor eg jobba som engelsklaerar, og til sportsenteret kor eg pleidde aa bu. Me var ogsaa til stadighet innom kyrkja, der mesteparten av opphaldet mitt i Laos fann stad.

Den rosa bygningen der framme er sportsenteret kor Eirik og eg budde i Laos

Sjoelv om det ikkje alltid var like smigrende aa hoeyre denne setningen* av alle venane mine i Laos saa har eg no fonne ut kvifor.

*"Before, when you lived in Laos, you looked fat, now you are thin."