mandag 17. januar 2011

Hua Hin, infield og Bangkok

(To innlegg i ein smekk)
09.01.11:
Denne gongen tok turen mellom Trat og Bangkok dei 5 timane me hadde høyrt at den skulle ta. På vegen fekk me eit særs velkome tilbod om å tilbringe dei to neste døgna hjå familien Mydland i Bangkok. Her fekk me ein hjarteleg velkomst og blei inkludera i alle deira planar for helga. Utruleg koseleg! På laurdagen reiste me til ein av verdas største marknadar, Chatuchak weekend market, midt i Bangkok. Her er det 15000 forskjellige bodar som sel alt du kan tenkje deg mellom himmel og jord. Kjempemoro, og veldig slitsamt =) Sundagen gjekk med til gudsteneste, pannekakelaging og ymse brettspel. Betre vertskap skal du leite lenge etter!

Foreldra til Astrid va på besøk og diska opp med heimelaga pannekaker og blomkålsuppe!

Stort utval på Chatuchak...

Sundags kveld braut me spontanitetsprinsippet og booka oss inn for 2 nettar paa Lub’d hostel i Bankok, kaara til verdast 17. kulaste ”hang out spot”. Dette kom me til å angre på dagen etterpå. Me ringte nemleg til vår gode Hald-ven Prem for å høyre om ho befant seg i Bangkok. Ho hadde nettop blitt spurt om å steppe inn som ledar på Hald sin Asia infield i Hua Hin, 3 timar sør for Bangkok og lura på om ikkje me ville vera med? Me betala for neste natt, sjekka ut rett etterpå og heiv oss inn i ei drosje saman med Prem. For dei som ikkje er kjent med konseptet infield er det ei veke der Haldstudentar som er plasert rundt i ein verdsdel samla for å ha evaluering, vegleiing, sosialt og moro.




Eit gledeleg gjensyn med Prem, her på ein skytrainstasjon, enkelt forklara det motsette av undergrunnsbane

No har me vore her i Hua Hin i 2 netter og kosar oss med det. Eigentleg skulle me vore godt på veg til Chiang Mai i nord Thailand no ifylgje reiseruta, men me tek livet som det kjem og er nøgde med det =) Det er veldig triveleg å treffe att eit par kjente og mange nye fjes her. Desverre har me blitt ekkelt burtskjemte etter Koh Kood, og strendene her i Hua Hin er fulle av gamle feite falangar (thai for kviting) og snertne thaidamer, strendene er ikkje like kvite og havet ikkje like blått, så faren for at me snart tek turen herifrå er stor, men det er veldig koseleg så lenge det varer.


18.01.11:

No er me tilbake i Bangkok og har vore her i 3 dagar. Tida har me stort sett har bruka til å leite etter brudekjole saman med Prem. Stakkars Kristian... Tida i Hua Hin gjekk fortare enn svint og me kosa oss veldig. Under kjem litt bilete frå dagane våre der.

Swensens kan sin is!

Aktivitetsdagen på infield fann stad på ei strand langt vekke frå byen og masseturismen. Her fekk fotball, volleyball, piknikk, soling og bading tida til å gå.


Livet er til for å nytast ;)

Strandfotball i naturskjøne omgjevnadar



Skeptisk...


Ein utruleg koseleg og sosial måte og eta på. Ein kokar og steikjer all maten sin sjølv på små kolgrillar som er nedfelt i borda

Bangkok:

Roti, ei slags frityrsteikt pannekake med banan har blitt ein favoritt.

Nam!


Prem var lokalguide





I kveld går turen vidare til Vientiane, hovudstaden i Laos, med nattog.

Fred ut

Marit

5 kommentarer:

  1. JEG SAVNER DERE.
    Sååå koselig med Anders og Ingvil!
    Og jeg liker at Kristian har kjøpt seg regnbuejakke til ære for meg.
    Loveyou

    SvarSlett
  2. Saa kjekt aa lese bloggen :)
    Ser ut som dere koser dere. Spis en Roti for meg ogsaa da, nam nam :D
    Ha en fin tur videre, nyt den :)
    Tone M

    SvarSlett
  3. ojojoj! så mye gøy å lese!
    Kos dere i LAOS :)

    Fred!

    SvarSlett
  4. Moro å følgje med på bloggen dykkar! Fortsatt god tur:)

    SvarSlett
  5. Fantastisk å lese bloggen dykkes! Det ser ut som om de he det gørr bra. Det æ gøtt å sjå. Fantastiske bildi he dykken au:)
    God bless

    SvarSlett