mandag 14. februar 2011

Hanoi

Aa fly viste seg aa vera eit mykje lettare framkomstmiddel enn buss. Etter ein time hadde me tilbakelagt strekninga mellom Luang Prabang og Hanoi. Paa flyplassen traff me paa nokon australarar som hadde booka rom paa Hanoi Backpackers Hostel, me delte ein taxi bort og la oss inn paa ein sovesal der.

Fuglar i fuglebur vart solgde overalt. Grunnen er at hvis man har ein bringe lykke over heimen, i hvert fall her i Vietnam

Feiringa stod allereie i taket naar me kom ned att fraa sovesalen. Me visste at me kanskje kunne treffa paa den kinesiske nyttaarsfeiringa medan me var i Vietnam, men blei overraska naar me fann ut at i kveld var kvelden. Me bestilte oss litt mat og blei med paa feiringa. Etter quizen var undagjort og klokka naerma seg tolv var alle saman paa veg ned til sentrum kor den virkelige feiringa skulle finna stad. Sidan me for tida har litt problem med aa koma oss fram paa eigne bein fekk me leigd oss ein sykkeltaxi inn til kjernen av byen. Det var ein dyr taxi, men det visste baade me og taxisyklaren. Samtalen utarta seg nemleg slik: "Kristian: How much? Taxisyklaren: 100 000. Kristian: Isn't that very expensive? Taxisyklaren: Yes it is, happy new year!" Med eit glimt i auga proevda han aa faa med seg endaa ein 10 000 i det me sa farvel, men me ynskja han bare godt nyttaar og haapa han brukte pengane paa noko bra. No hadde me kome oss ned til vatnet som utgjer kjernen av byen, og satt oss paa kanten av det og dingla med foetane. Mens me venta paa at fyrverkeriet skulle starte fekk me nye vietnamsiske vener, eit godt bilde av aa vera i Vietnam og Marit klara aa miste kamerataska i vatnet. Forutan om at eit stort tre stod i vegen for aa sjaa heile fyrverkeriet var det eit koseleg augeblikk aa vera med paa i det mange tusener av vietnamsarar feira nyttaar saman. Etter alle rakettane var ferdig oppskotne (kontinuerleg fyrverkeri i 15 min!) startaoppdraget med aa faa opp att kamerataska. Me gjekk rundt og fekk samla inn traadar som laag paa bakken. Me fekk ein del rare blikk, kanskje spesielt marit som ompa rondt paa ein toeffel og ein sandal og plukka opp soeppel (traadbitar og likande) fraa bakken... Desverre var det ikkje saa mykje av det tilgjengeleg, saa eg knytta opp skolissene mine og brukte dei og. Me laga oss vaar eiga fiskestong og fekk etter kvart opp kamerataska, med god hjelp fraa nokre vietnamesiske ungar og ungdommar. I det me fekk opp kamerataska hadde det allereie kome fult av folk som hadde samla seg rundt i ring og jubla over fangsten. Det var eit merkelig og bra augeblikk. Paa veg tilbake stoppa me innom ein lokal restaurant paa gata og feira inngangen av det nye aaret (som foresten er kattens aar) med ein steik-din-eiga-mat-middag.

Marit og eg saman med taxisyklaren vaar paa veg til sentrum

Her er endelig fangsten kommet paa land etter 20 lange min. med binding, sikting, kasting og draing.

Vegen tilbake til hostellet var full av menneskje som brann ''liksompenger'' som starten paa eit nytt godt aar

Me avslutta nyttaarsfeiringa paa steik-maten-din-sjoelvrestauranten

Bivirkninga av at det er kinesisk nyttaarsfeiring her kom dagen derpaa, daa alt av butikkar, museum, egentlig alt utanom sjukehus var stengt. Ettersom at foten til Marit fremdeles er vond har me ikkje kunne finne paa saa mykje heller. Derfor har me etter tre dager ikkje saa mykje meir aa rapportere om en at Hanoi Backpackers Hostel har eit bra tilbud av filmar, biljardbord, dart, middagsrettar og sosialt liv. Og at eg vann over Marit i biljard.(red. ein knapp seier, og det var den andre gongen eg spila biljard i mitt liv i motsetnad til deg...) Og at eg vann over Marit i 10 000.

Sightseeing i byen paa forskjellige maater:


Gatene i Old Quarter

Naar me ikkje fann ein sykkeltaxi til aa transportera oss rundt...

2 kommentarer:

  1. KULT at dere fikk være med på kinesisk nyttårsfeiring!!! Godt nytt katte år!! :)

    SvarSlett
  2. takkar og bukkar. Ditto! =)

    SvarSlett