torsdag 10. februar 2011

Vang Vieng og Luang Prabang

Vang Vieng er ein liten by 4 timar paa svingete veg nord for Vientiane. Vang Vieng er viden kjent for aa vera ein backpackers draum, der hovudattraksjonen er tubing. Tubing gaar ut paa at ein leiger ein innerslange til eit traktordekk, blir koyrd nokre km opp langs Nam Song elva for saa aa roleg flyte tilbakars til byen. Undervegs er det plenty med barar, resturantar og slenghusker. Etter utallige beretningar fraa venner og kjente hadde eg gleda meg til dette sidan foer eg nokon gong visste at eg skulle til Laos. Fallhogda var stor...

Utsikten fraa gjestehuset...

Bussturen opp svingete fjellsider viste oss verkeleg kor vill trafikken her er. Forbikoyring, men nei der er ein bakketopp eller ein smal sving med valet mellom fjellveggen paa eine sida og stup paa andre, inga hindring for laotiske sjaaforar! Av og til dobbeltsikrar ein seg med aa tute litt foer svingen for aa seie ifraa at ein kjem. Bor pen nyang, ikkje noko problem! Med hjarta i halsen og smaagrone i fjeset ankom me Vang Vieng paa foremiddagen ein gong. Dei to fyrste dagane var eg sjuk (ei skikkeleg forkjoling av alle ting!) og me fekk tida til aa gange med aa sole oss og liggje paa forskjellige resturantar og eta steikt ris og sjaa paa Friends. Genialt konsept. Nesten alle resturantane her har fleire fjernsyn og borda er laga slik at ein ligg rundt dei og et. Fantastisk! Kanksje mitt beste minne fraa Vang Vieng. Men tida gjekk og det var snart paa tide og koma seg vidare. Den 3. dagen maatte me tube viss det skulle bli noko av. Feberen og hovudpina var nesten vekk og me var klare til dyst. Berre synd det var overskya kaldt og smaayr ute... Vervarsle viste at det skulle bli vaerre neste dag, saa pytt sann, me er ikkje nordmenn for ingenting, me toler vel litt kulde tenkte me paagangsrikt. Tubar vart leigd og me blei koyrde opp elva. Vatnet var litt kaldt, men det var veldig behageleg aa flyte nedover elva. Resten av dei me kom med vart huka inn paa fyrste og beste bar og me flaut vidare nedover aleine. Me proeva og aa stikke innom eit par plassar for aa faa oss noko aa drikke og kanskje ein liten matbit. "Do you have something without alcohol?" Bo pen njang! Laobeer? No, without alcohol, no alcohol? Rum? etter aa ha blitt vist ymse menyar med strong mushrooms, happyhappy shake, hashbrownies og opiumsshake takka me for oss og for vidare litt slukoyra. Det same gjaldt visst dei fleste stadane og me tok til takke med eit slag president og ein 7-up. Me hadde vore i elva ganske lenge og byrja aa bli kalde og slitne av aa padle. Det er lenge sidan det har regna meir enn litt yr og straumen i elva var veldig svak, saa for aa koma seg framover i meir enn ein kilometer i timen maate ein ta armane til hjelp. Vel og bra det saa lenge det er sol og ein kan liggje og nyte det, men no ville me helst berre komma fram og varme oss. Det viste seg at alle barane og alle plassane ein kunne bli plukka opp av elva og koyrd ned att til byen var plassera paa den fyrste kilometeren av elva, saa me var fint noedt til aa padle oss ned dei to siste paa eiga hand. Etter aa ha hakka tennar, padla som heltar i noko som verka som ein evighet, og ikkje minst passera ein heil flokk av smaairritera kyr og oksar med enorme horn som soemde rundt i elva naerma me oss byen. Taktisk nok ligg det og masse barar der ein kjem i land til slutt. I det eg skulle gaa ut av ringen for aa gaa dei siste metrane trakka eg paa noko eg trur var ei knusa glasflaske. 6 sting og ein antibiotikakur seinare la me oss endeleg i dei varme sengene...


Dagen etterpaa var den nordlege og nest stoerste byen i Laos, Luang Prabang den neste paa programmet. Store delar av sentrum er paa UNESCO si verdsarvliste og det er ein vakker og historierik by, og kanskje best av alt, eit mekka for opplevingar som fjellturar, kayaking, elefantriding og liknande. Me droppa den eine byen paa reiseruta vaar Chang Mai i nord Thailand delvis pga at me kunne faa mykje av det sama aktivitetstilbodet i Luang Prabang. Lite lurt.

Ei ny versjon av Tao Tui er back in Laos ;) (Red; takk Marit)

Det viste seg aa vera veldig vanskeleg aa koma seg rundt med ein vond fot utan krykker, men etter ei tid har me utvikla gode teknikar innan hinking, gange paa haelen, meg paa bagasjebrettet paa ein sykkel som Kristian syklar og ikkje minst, det dei lokale likar alle best, at Kristian ber meg rundt omkring paa ryggjen. Hehe... Villmarksturar var altsaa relativt uaktuelt. Me hadde lenge planlagt at etter nokon dagar ville me fly fraa Luang Prabang til Hanoi, hovudstaden i Vietnam, daa bussturen er 30t lang og kjent for aa vera ei av dei verste strekningane i omraadet. Ikkje lenge foer hadde det voere plenty med ledige flybilettar. Det me ikkje visste var at den stoerste hogtida dei har i Vietnam, tet (kinesisk nyttaar), var tett paa og daa reiser alle vietnameserar heim paa ferie. Som de kanskje skjoennar, alle bilettar paa 2 veker var utselde.... Kristian saumfarte ymse reiseselskap i byen og fann til slutt to bilettar til dagen etterpaa. Saa mykje for vandring rundt i dei beromte gatene i Luang Prabang. Bilettane blei booka og neste dag hadde me ein lyn-sightseeing der Kristian sykla meg rundt i byen. Paa toppen av det heile viste det seg at eg hadde gloymt den eine norske sandalen min i Vang Vieng, saa eit par for store, veldig behagelege laotiske toflar vart kaupt inn til bruk paa den tjukke skada foten min, til stor begeistring for dei lokale.Kl 3 innfann me oss paa ein av dei minste flyplassane me har sett. Etter ein del surmuling fann eg ut at det daarlege hellet i Laos var ei god unnskulding for aa koma tilbake ein annan gong =)

-Marit

3 kommentarer:

  1. Hehe!! Gjett ka omtrent d ænaste e å Tormod gjor i Vang Vieng!!! ??? Låg på restaurant å såg Friends, egentli d ænaste minne fra den plassn! Hehe.. Tormod va dåli der å, nemli, så d vart liksom ikkje nå tubing me oss..

    SvarSlett
  2. Huff da Marit!! Det hørs ikke godt ut!! Godt du har en sterk mann som bærer deg på ryggen!!! ;)

    SvarSlett
  3. hehe, høtt æ greia mæ vang vieng eigentleg? hehe... Virka eigentleg som ein skikkeleg kul plass. Synd det der. men digga friends resturantane der! Kristian er god aa ha ja. stakkars! hehe

    SvarSlett