No er me i byen Trat på austkysten av Thailand. I morgo skal me ut til øya Ko Kut, naboøya til den meir kjente Ko Chang. Der skal me feire nyttaar og ha ei vike mæ strandferie. Grundigare oppdatering kjem daa, sidan det ikkje gaar ann aa laste opp bilete her. Elles kan me rapportere om at Thailand er varmt, har god mat, hjelpsame folk, og fulle bussar, men det var kanskje ikkje noko nytt... Me snakkast plutseleg!
torsdag 30. desember 2010
lørdag 25. desember 2010
No er det berre eit og eit halvt døgn til me reiser avgarde til Gardemoen. Fyrste stopp er Paris! Men fyrst eit innlegg frå førjolstida mi på Møsstrond.
Her i huset er det full fart heile desember og meire til for å rekke å laga alle ørten småkakesortar, godterislag, heimelaga kjøtpålegg, kjeks, gjærbakst, takkebakst og kven veit kva. Eg rakk akkurat å koma heim tidsnok til å bli med på å laga godteri; marsipan, sjokoladekuler, karamellar og brende mandlar. Koseleg. Resten står mor for:

Dompappane gjev prikken over i'en for jolestemninga
Abonner på:
Innlegg (Atom)