tirsdag 29. mars 2011

Burma/Myanmar del II

Fyrst til dei som er forvirra ang. overskrifta. Det er me òg. i 1989 forandra militærregimet namnet på landet frå Burma til Myanmar. Landets sin demokratisk valgte opposisjon, leda av Aung San Suu Kyi har bedd verda om å fortsetje å nytte namnet Burma. Både derfor, og av vane, har blant anna norsk media halde fram med å kalle landet Burma. Den andre sida av saken er at ordet Burma refererar til majoritetsbefolkinga i landet, folkeslaget Bamar som utgjer i overkant av 60% av befolkinga. Det verkar meir rett ovanfor dei over 100 andre etniske grupene i landet å ha eit meir nøytralt namn. Dette var òg det standpunktet me fekk høyre av venene våre der. I tilegg er Burma eigentleg ei feil utaling av Bamar som dei tidlegare britiske koloniherrane stod for. Konklusjon: me veit ikkje heilt kva me skal kalle landet. Men nok om det.

Me hadde eigentleg ingen planar om å ta turen til Myanmar, då me trudde dette var off-limits. Men då Kristian spurte sin gode misjonærven Atle Roger som bur i Bangkok om det var noko me kunne hjelpe til med, ville han gjerne at me skulle ta turen til Myanmar. Der har han på eige initiativ kome i kontakt med ein kristen undergrunnsmenighet, og dei ville gjerne ta im
ot oss som engelsklærerar. Litt spente trappa me opp paa den myanmarske ambassaden dagen etter me levera inn søknaden og fekk heldigvis invilga turistvisum.


Takknemlege for mogleiken til ei unik oppleving og med fivrell (sommarfuglar) i magen letta me frå Bangkok og landa trygt i Yangon/Rangoon (sama stadsnamn- problematikk). På flyplassen vart me møtt av Pastor Mang, pastoren i menigheten. Allereie på drosjeturen til hotellet vart me slått av kor annleis alt er i Myanmar enn i noko ana land i sør aust Asia. Alt ein ser av bygningar, bilar, reklamer og produkt lyser at dette landet har vore praktisk talt isolera frå omverda sidan 60-talet (med unntak av regjeringa sin gode ven Kina). Me kom rett frå Bangkok sitt sky-train, 5-felts motorvegar og fine drosjer nedkjølte av air-condition til Yangon sine bokstaveleg-klar-til-å-dette-frå-kvarandre-drosjer, nedslitte hus, livlege gater og fatigdom. Det føltes heilt spesielt å vera i Myanmar frå dag 1. Alt ein har høyrt om dette litt små-forbudte landet, alle historiane om spionar frå regjeringa på kvart gatehjørne, den ikkje-eksisterande religionsfridomen og den lite vesteleginfluera kulturen gjorde til at me sat me ei spesiell kjensle i magen heile tida me var der. Det var som ei spesiell atmosfære låg over dette annleis-landet.

Landet der menn går i skjørt... Det heiter eigentleg longsi og både damer og menn går med det. Me fekk kvar sin som takk for hjelpa av førskulen me var dei to fyrste dagane.

Dagen etter byrja det me trudde skulle bli eit relativt hardt undervisningsopplegg. Før me kom til Myanmar hadde me nemleg fått tilsendt ein timeplan som inneheldt 0 fridagar og 3 timar engelsk og 3 timar musikkundervisning kvar dag. I fare for å bli totalt utslitte å ikkje få sett meir av Myanmar enn dei 4 veggane i eit klasserom, spurte me på førehand om å få ein fridag midt inne i opplegget. Kor feil går det ann å ta? Det viste seg at Mang og hans medarbeiderar med stor iver tok det som si personlege oppgåve å vise oss mest mogleg av området, og når det kom til intensiteten, lat meg berre sei at myanmareserar er minst like glade i kaffipauser og prating som nordmenn og at timeplanen blei fylgt slik ca like mykje til punkt og prikke som i Afrika =) Dessutan har eg aldri sett makan til kunnskapstyrste og ivrige studentar, så undervisninga gjekk som ein leik. I alle fall til tider. Litt verre var det når me på dag 1 blei sett til å undervise 3-5 åringar som berre kunne "good morning teacher". Sjamerande var dei i alle fall. Eg veit ikkje kor mykje akademisk utbytte dei fekk av å lære have you seen my funky chicken, men me kosa oss i alle fall saman :)


Matpause



Dag 2 skjedde det noko interresant. Det viste seg at historiane om spionar frå regjeringa på kvart gatehjørne var sanne. To kvitingar som går ut og inn av ein førskule for fatige born viste seg å vekkje oppsikt. Heldigvis er Myanmar ifylgje Pastor Mang sakte, men sikkert under endring, og denne gongen slapp me unda med ein liten reprimade for at me ikkje hadde med passa våre. Det var vist veldig stas for dei berre å få snakke med oss, sjølv om dei faktisk blei så sjenera når me viste våre bleike åsyn at dei ikkje fekk ut eitt ord... Sum Pi (han som dreiv skulen) fortalde oss at dette besøket faktisk var eit lite vendepunkt då mennene var venlege og sette seg ned og snakka med han om kva skulen hans eigentleg gjorde, kvifor me var der osb, ikkje berre prøva å laga bråk. Litt flaue over problema me var årsak i og ei erfaring rikare fortsette me undervisninga.



Fortsetjing fylgjer...

1 kommentar:

  1. liker have you seen my funky chicken!!! hehe!!! SÅ GØY!!! ;)

    SvarSlett