tirsdag 8. mars 2011

Eit lite stykke Vietnam og Phnom Penh

Ho Chi Minh City var eigentlig ein planlagt stopp på turen, men måtte desverre droppas grunna tidsmangel. I staden for reiste me rett til Phnom Penh, hovudstaden i Kambodsja. Følelsen av å koma frå eit land til eit anna kom allereie i det me gjekk på bussen i Ho Chi Minh City. Me blei tatt hand om med omhu, guiden snakka forståelig engelsk, bussjåføren var smilande og me fekk reint vatn på bussen. Etter uttallige bussturar på veg nedover kysten av Vietnam hadde me aldri vore borti liknande. Det toppa seg på bussturen frå Nha Trang til Mui Ne. Som tideligare nevnt fekk Marit bare plass på golvet. Der sovna ho, og blei vekt av billettøren som gav beskjed om at ho måtte flytje seg. Vidare tok han puta hennar og la seg ned på same plassen sjølv og la seg til å sove. Sjølv om dette kanskje var den verste opplevinga av den vietnamesiske servicen så har me eigentlig ikkje hatt så mange gode opplevingar med den. Dei fleste reisebyråa har vore kjipe og selgarar har vore innpåslitne og sure. Dette satt derimot ikkje ein stopp på at me kosa oss utruleg mykje under opphaldet vårt i Vietnam.


Me kom til Phnom Penh midt på dagen og fann oss ein tuktuk saman med eit australsk-canadisk kjærastepar. Nokon som viste seg å vera folk me gladeleg bruka dagane vidare saman med. Me hadde lese om fleire goodcause restauranter i området, så etter å ha innlosjera oss på eit billig gjestehus midt i sentrum gjekk me til ein av dei. Friends kalla dei restauranten for, og er ein restaurant som blant anna gjev gatebarn yrkesopplæring. God mat.

Romet vårt i Phnom Penh

I Phnom Penh fekk me eit innblikk av korleis Kambodsja var under Khmer Rouge og Pol Pot. Me var innom Killing Fields og S-21. Dette gjorde me på ein dag saman med Jessica og Chris. Me blei fyrst presentera for Killing Fields. Ein plass laga for å drepa og gravlegga. Les meir her. Etterpå kjøyrde me til S-21. Ein tideligare skule som blei omforma til ein fangeleir. Her blei folk torturera heilt til dei var på nippen til å døy. Då blei dei sende til Killing Fields. S-21. Det var ei fryktelig oppleving.

Killing Fields:

S-21:

2 kommentarer:

  1. sorry kommentator tørke!! Dere er fremdeles savnet!

    SvarSlett
  2. hehe, likar uthaldenheten din paa kommentarfeltet, det kt\reer ei beloning. noko du saknar fraa thailand?

    SvarSlett