tirsdag 8. mars 2011

Eit lite stykke Vietnam og Phnom Penh

Ho Chi Minh City var eigentlig ein planlagt stopp på turen, men måtte desverre droppas grunna tidsmangel. I staden for reiste me rett til Phnom Penh, hovudstaden i Kambodsja. Følelsen av å koma frå eit land til eit anna kom allereie i det me gjekk på bussen i Ho Chi Minh City. Me blei tatt hand om med omhu, guiden snakka forståelig engelsk, bussjåføren var smilande og me fekk reint vatn på bussen. Etter uttallige bussturar på veg nedover kysten av Vietnam hadde me aldri vore borti liknande. Det toppa seg på bussturen frå Nha Trang til Mui Ne. Som tideligare nevnt fekk Marit bare plass på golvet. Der sovna ho, og blei vekt av billettøren som gav beskjed om at ho måtte flytje seg. Vidare tok han puta hennar og la seg ned på same plassen sjølv og la seg til å sove. Sjølv om dette kanskje var den verste opplevinga av den vietnamesiske servicen så har me eigentlig ikkje hatt så mange gode opplevingar med den. Dei fleste reisebyråa har vore kjipe og selgarar har vore innpåslitne og sure. Dette satt derimot ikkje ein stopp på at me kosa oss utruleg mykje under opphaldet vårt i Vietnam.


Me kom til Phnom Penh midt på dagen og fann oss ein tuktuk saman med eit australsk-canadisk kjærastepar. Nokon som viste seg å vera folk me gladeleg bruka dagane vidare saman med. Me hadde lese om fleire goodcause restauranter i området, så etter å ha innlosjera oss på eit billig gjestehus midt i sentrum gjekk me til ein av dei. Friends kalla dei restauranten for, og er ein restaurant som blant anna gjev gatebarn yrkesopplæring. God mat.

Romet vårt i Phnom Penh

I Phnom Penh fekk me eit innblikk av korleis Kambodsja var under Khmer Rouge og Pol Pot. Me var innom Killing Fields og S-21. Dette gjorde me på ein dag saman med Jessica og Chris. Me blei fyrst presentera for Killing Fields. Ein plass laga for å drepa og gravlegga. Les meir her. Etterpå kjøyrde me til S-21. Ein tideligare skule som blei omforma til ein fangeleir. Her blei folk torturera heilt til dei var på nippen til å døy. Då blei dei sende til Killing Fields. S-21. Det var ei fryktelig oppleving.

Killing Fields:

S-21:

onsdag 2. mars 2011

Mui Ne

Etter at me tideligare på dagen hadde vandret langs stronda på leit etter den dyraste og finaste restauranten, gjekk me inn i ein lobby som utan overdrivelse fint kunne vært brukt som innspillingslokale til avslutningsscenen på ein James Bond-film. Klokka var 7 på kvelden og sola hadde akkurat skint sine siste stråler. Det var noeyaktig 27 timar sidan me for fyrste gong hadde satt våre fyrste skritt på Mui Ne sin jord. Bussturen som hadde tatt 17 timer var ingenting for to slitne backpackere som snart kunne krysse seg ferdig med heile kysten av Vietnam. Me hadde først tatt nattbussen frå Hoi An til Nha Trang før me pressa oss inn på den fyrste bussen vidare til Mui Ne. Utanom at Marit måtte sittje på golvet var me svært nøgde med å kunne koma oss til Mui Ne same dagen.




Her er Marit sin plassering i bussen frå Nha Trang til Mui Ne


Det var først og fremst dei raude sandynene som lokka oss hit, tanken på å lata som at me var i Sahara når me eigentlig var på soerkysten av Vietnam. For min del var det mest for å få eit bilete av meg sjølv vandrande uttørka langs haugar av uendelige mengder raud sand i steikande motsol. Noko som viste seg å ikkje bli like fint i røynda som i fantasien min - ikkje at eg hadde forestilt meg at det skulle bli vilt fint altså. Bare litt. Uansett. Her satt me. Med klede som var skreddersydd til å passe oss heilt til den minste detalj. Marit hadde på seg sin nye kjole, mens eg brukte mine skreddersydde sko og ei ny skjorte. I bakgrunnen av Bruno Mars fløytestemme kunne me høyra bølgjene slå mot stronda nedanfor oss.


Har aldri sett så mange fiskebåtar på ein plass før!


Vilt kult med raud sand


Visste ikkje heilt om eg skulle posta dette bilete, og veit heller ikkje kvifor eg gjorde det




Menyen var full av merkelige rettar. Steikt hummer i champagne og spagetthi alla vodka. Eg fann mine egne favoritter og valde til slutt pasta pesto. Marit valde rump steak med potetstappe, laukringar, sopp, peppersaus og forskjellige grønnsaker. Eg kjende at baken hadde godt av dei mjuke stolane me hadde blitt presentert for i det me kom inn i restauranten. Nesten heile dagen hadde nemlig gått med på å sitje på eit hardt motorsykkelsete og kjøyrd rundt forbi overalt. Å leiga seg ein motorsykkel og kjøyra rundt har foresten vist seg å vera ein ypperlig måte å utforska ein ny stad på. Det er billig og du kan kjøyra kor du vil. Me fekk oppleve dei raude sandynene, fonne ut at Mui Ne er ein fiskerlandsby og at den lange kystlinja med strender, saman med masse vind, viste gode forhold for dei som driv med kitesurfing og liknande. Både Marit og eg var frista til å melda oss på eit kurs i kitesurfing, men etter litt vurdering fann me ut at det var betre å venta til me hadde litt meir tid. Middagen kom på bordet og me tok til å eta. Me hadde allereie medan me var i Hanoi fonne ut at me hadde beregna for dårlig tid i Vietnam og Kambodsja. Me visste me skulle reise frå Bangkok til Myanmar den 20. Februar, og at me måtte vera i Bangkok til den 17. for å søkje om visum. Det førte til at me hadde femten dagar på å koma oss frå Hanoi til Bangkok. Me satt opp ei reiserute og fann ut at me ville bruke 10 dagar på Vietnam og 5 på Kambodsja. Det var det som var grunnen til at opphaldet i Mui Ne bare kunne vara 3 dagar og at me måtte hoppe over Nha Trang. Etter at middagen var fortært gjekk me bort til ei av restaurantens sofagrupper og bestilte kvar vår brooklynshake.




Eit stykke lengre vekke frå dei raude sanddynene var dei kvite sanddynene som skulle vera endå meir spesielle. Me fann dei ikkje, dette var det nærmaste me kom

Fiskarar gjer seg klar til dagens dyst


Her er me på den fine restauranten




Dagen derpå gjekk med på å vera på stronda og eta mat. På kvelden tok me nattbussen vidare til Ho Chi Minh City.





Kiteparadis

Hoi An

Me har dei siste 10 dagane vore i Burma kor det ikkje er mogleg å vera på så mange internettsidar. Me har derfor ikkje hatt anledning til å posta blogginnlegg. Me vil gjera opp for dette ved å frå no fortløpande leggje ut mange blogginnlegg.
.
Gjenom hostelet i Hanoi kjøpte me ein hop on hop off sleeperbus bilett til Ho Chi Mihn med 5 stopp. Det vil seie at mellom Hanoi i nord og Ho Chi Minh i sør (tidelegare Saigon) kunne me hoppe av og paa bussen 5 gonger for kor mange dagar me ville. Greit i teorien, ikkje like greit i praksis... Vårt fyrste møte med sovebuss var spanande i fleire betydingar. Kult med senger, spanande å ligge i øverste midt-koye, då det kjendes ut som om eg skulle dette ned i kvar sving, eksotisk med kakerlakkar på golvet då eg fekk bytt til ei seng i golvhøgde... Men alt i alt var opplevinga positiv. Med atskillig fleire timar svevn bak oss enn me ville fått i ein vanleg buss blei me vekte opp til det påtvingde 5 timar lange stoppet i byen Hue. Dette stoppet utnytta me etter beste evne med å leige ein moped og farte rundt i gamlebyen. Ganske så facinerande.


Utforsking av gamlebyen i Hue

Merkeligaste nudlene eg har sett


Den neste etappen var 5 timar lang og me vart litt smånervøse då me ikkje såg nokon andre falangar (kvitingar) på bussen, og lura paa om me hadde havna på feil buss, då den me hadde tatt tidlegare var heilt full av dei. Pa den fyrste tissepausa fann me plutseleg Sarah frå Sveits som hadde lura seg unda blikka våre lenger framme i bussen. Sjølv om ingen av dei lokale kunne engelsk fann me ut etter litt resonering at me hadde havna på ein annan buss enn dei andre sidan den var full. Ved godt mot fortsette me vår ferd mot Hoi An. Vel framme traska me saman ut på leiting etter losji og fann etter orten forsøk eit hostel med ledig plass.


Sovebussar er behagelige bussar

Det var her det skjedde. Fjerning av sting og stikking av sprøyter.

Her er ein del av My Son. Ruinar frå ei tid då Champariket var stort. Nesten alt blei øydelagd under vietnamkrigen

Båtturen heimatt var eigentlig den beste opplevelsen på denne utflukten

Vårt fyrste møte med busselskapa som me skulle kontakte underveg for å bekrefte biletten for dei ulike etappane enda med avreise ein dag seinare enn planlagt. Litt surt der og då med tanke på den stramme timeplanen nedover kysten, men sidan Hoi An sjarmerte oss i senk var me berre glade til i ettertid. Dei 3 dagane våre der tilbragte me saman med Sarah, som viste seg å vera ei usedanleg triveleg jente som fartar rundt på ubestemt tid i sør aust asia på eiga hand. Tøft. Tida gjekk med til sykling rundt i gatene i den veldig koselege gamlebyen, sykkeltur til stranda, få laga eit par skreddarsydde plagg og sko (!) (Hoi An er skreddar-hovudstaden i Vietnam), eta god mat og ei utflukt til My Son ruinane ein times køyretur utanfor byen i tillegg til 3 sjukehusbesøk. Desse inkludera fjerning av sting, 5 antibiotikasprøyter og ein antibiotika pillekur. Det viste seg nemleg at lonely planet boka vår hadde rett då ho sa at ein ikkje burde reise på sjukehus i Laos. Legen i Hoi An fortalde at stinga var for stramme og antibiotikakuren for svak slik at eg hadde fått ein liten infeksjon. Makan til styr for eit kutt. I Noreg ville eg sett på eit plaster og sagt meg fornøgd! Satsar paa at det gaar fint framover =)
.
Her er eit bilete frå båtturen heimatt frå My Son-utflukta

Her er byen Hoi An sett frå båten vår

Marit fekk fjerna legghåra med hjelp av ein tråd og noko pulver

Me møtte på mange slike arbeidarar mens me sykla til og frå stronda



Her står Marit, Kristian og Sarah utanfor skreddaren med dagens fangst