Når me er ein plass der gradestokken viser 30 grader, strendene kjempar om topplassering på sensodyne tannkrem sin kvithetskala og maten er billig og god, er det ikkje mykje som skal til for å ha det godt. Når i tillegg timeplanen består av soling, mopedkjøring, bading og eting er det ikkje mykje som skil livet nå og rullepølseeting på joleftan. Øya Ko Kood anbefalast på det varmaste.
I sju dager befant me oss på denne draumeøya, som hadde det meste ein turist kan ynskje seg. Øya er den fjerde største i Thailand, men er fremdeles nokså ukjent. Me var der i "peakseason", men hadde likevel fleire hundre meter med kvit strand for oss sjølve. Øya ligger såpass langt ut frå det thailandske fastlandet, noko som nok har ført til at masseturismen ennå ikkje har satt sin fot der. Me leigde oss scooter to dagar kor me farta opp og ned øya, me snorkla utanfor resorten og padla kajakk langs strendene. Den sjuande januar satt me oss fornøgde inn i båten som frakta oss tilbake til fastlandet, tilbake til sivilasjonen, tilbake til motorvegar, tilbake til backpacking. Ein god restitusjon etter harde haustdager i Bergen, og ein god start på resten av eventyret.
Me hadde ikkje så mykje betre å ta oss til enn å sitje i ei eggliknande huske langs stranda.
Banana pancake var ein hit på seine kveldar
Me prøvde oss på nokre kunstneriske bilete. Stranda i bakgrunnen var rundt ein kilometer lang og me hadde den så og seie for oss sjølve!Varme helsingar frå Kristian, som for tida befinn seg i Hua Hin.
Det der såg så altfor fantastisk ut!!! fytti.. kjenne reisefeberen stige høgt inni meg:) kos dåkke vidare! :)
SvarSlettSynjos
greit liv.
SvarSlettdigger det kunstneriske bildet.
savner dere.
Ser ut som dere koser dere til randen!:) Rått marit-kaster-håret-i-vannet-bilde! klem
SvarSlettBanana pancake!!!! D åt vi å, stængodt!! =) Håpa dåkk kosa dåkk utruli masse!!! E kjenne igjen d me gekkoa overalt, hehe...
SvarSlettTakk for innlegg!! :)
SvarSlettBy the way, er også fan av det kunstneriske bildet :)
Datta here sir jo heilt fantastisk ut :)
SvarSlettKos dikka viare ^^,